|
________________________________________________________________
Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele ca. ein milliard kroner i
momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2013. Nytt av året er
at minstegrensene og krava til bruk av revisor er redusert.
Mange som ikkje søkjer:
Erfaring frå tidligare år viser at det finns mange lag og organisasjonar som
ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette er ofte lokale eller regionale ledd
under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund
(NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og
Fiskeforbund. Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom
sentralleddet sitt.
Vi ønskjer å nå fleire:
Det er også en del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for
eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og
andre lokale foreiningar. Vi prøver difor å nå ut til alle desse gjennom
kommunane og fylkeskommunane, og ber om hjelp til å formidle informasjonen i
denne e-posten til lag og organisasjonar i din kommune/distrikt.
De kan lese meir om regelverket for momskompensasjon til frivillige
organisasjonar på nettsidene våre www.momskompensasjon.no. Her finn du også
søknadsskjema. Dersom de lurer på noko, ta kontakt med oss pr. e-post
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
eller telefon 57 82 80 00.
Minstegrenser:
For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla modellen er
minstegrensa 200 000 kroner i totale driftskostnader, mens minstegrensa etter
dokumentert modell er
14 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for.
Underledd treng ikkje å ta omsyn til minstegrensene fordi dei er med i søknaden
frå sentralleddet.
Søknadsfristar:
Frist for å søkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2013.
Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den
aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for
nærare informasjon.
Idrettsanlegg
Lotteri- og stiftelsestilsynet har også oppgåva med å fordele momskompensasjon
til anlegg som får spelemiddelstilskot. I 2013 skal det delast ut 63,8
millionar kroner i denne ordninga. Søknadsfristen for tildeling i år var 1. mai
2013, og neste frist for å søke om momskompensasjon for anlegg som får
spelemiddelstilskot er 1. mai 2014.
Les meir om denne ordninga www.momskompensasjon.no eller www.idrettsanlegg.no.
Med helsing
Lotteri- og stiftelsestilsynet
tlf: 57 82 80 00,
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
, www.lottstift.no
|